Studietur til Barcelona for 3 ST1, september 2010

Publisert 16. oktober 2010 14:42:33 av Hans Petter Jørgensen
Internasjonal klasse 3 ST1 var på studietur til Barcelona i september. Dette var tredje turen deres i løpet av studietida på Fræna.

I vg1 var dei på tematur til Tunisia, og på vg2 hadde dei utveksling med skule i Legionowa i Polen. Men i år blei det Barcelona.

SAS flaug dei trygt fram på 3,5 timar til eit varmt og klimatisk behageleg katalonsk klima. Dei budde på eit flott hostel i gamlebyen, berre eit steinkast unna La Rambla og store shoppingtilbod; den viktigaste attraksjonen for pengesterke norske ungdommar.

Dei besøkte store severdigheiter som La Sagrada Familia, Museo Gaudi, Picassomuseet, Camp Nou, vingard utanfor Barcelona, badestrondi rett nedanfor gamlebyen, park Guel og handlegata for dei rikaste: La Gracia. Dei fekk sjå og oppleve mykje.

Det var stor festival i byen då dei var der. Mykje god god mat: tapas, burgere og Hard Rock Cafe American Barbeque Food. Real spanish or rather Catalanian!! Då dei for heim tykte alle at det hadde vore ein gjev og givandes studietur.

ISV

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.