Is Europe a Dream for the Asylum Seekers?

Publisert 14. september 2010 00:52:29 av Hans Petter Jørgensen
Dette er tittelen på prosjektet som den internasjonale førsteklassen på studiespesialisering arbeider med - eit Comenius-prosjekt der vi samarbeider med den franske vidaregåande skulen Lycée Blaise Pascal i Alsace.

Dei norske elevane skal ta kontakt med og intervjue asylsøkjarar her i landet, og dei franske elevane skal gjere tilsvarande arbeid i Alsace i Frankrike. Dette er eit utvekslingsprosjekt som strekkjer seg over to år. Dette skuleåret, i februar, kjem dei franke elevane hit og skal bu heime hos dei norske elevane. Dei norske elevane reiser til Frankrike først neste skuleår.

Det blei ein pang-start når det gjeld å komme i kontakt med asylsøkjarane. Då vi ringde dei ansvarlege for asylmottaket i Molde, blei vi invitert tvert til fest der fredag 10. september. Fleirtalet av asylsøkjarane er muslimar, og no var det akkurat Id ul-fitr, festen som avsluttar fastemånaden Ramadan. Der var det festmåltid med spennande retter frå fjerne himmelstrøk medan vertane var glade og i feststemning.

Våre elevar hadde gjort sin innsats, bakt kaker og teke med til festbordet. Maten gjekk ned på høgkant.

Om maten var god, må det vel seiast at det var endå viktigare at praten kom godt i gang. Asylsøkjarane viste stor interesse for å få kontakt, elevane frå Fræna viste same interessa, og dermed blei det både spøkt og snakka alvor.

På denne fine måten har elevane i den internasjonale klassen fått den første kontakten med asylsøkjarane. I vekene framover blir det å arbeide meir seriøst med å setje seg inn i situasjonen til dei som har rømt frå heimlanda sine for å finne eit trygt tilvære og gjere intervju med dei. Dette blir spennande, og venteleg blir det mykje ny lærdom her.

aho

Powered by eZ Publish™ CMS Open Source Web Content Management. Copyright © 1999-2010 eZ Systems AS (except where otherwise noted). All rights reserved.