Konkurransen er administrert av det franske kultursenteret i Oslo i samarbeid med dei franskspråklege ambassadane og TV5.
Onsdag 25. mars reiste vi til Oslo med første fly frå Molde. I Oslo hadde assistenten til språkattacheen ved Det franske kultursenter, Delphine Pélicart, organisert opplegget for oss. Ho tok oss med til kultursenteret og presenterte det for oss.
| Deretter tok ho oss med til den tunisiske ambassaden, der vi fekk helse på Tunisias chargé d'affaires, fekk diverse informasjon om Tunisia og høve til å stille spørsmål om landet.Det var fint for oss å kunne vise til at to av elevane som var med, nettopp hadde vore i Marokko (med internasjonal klasse). I ambassaden blei det også bydd fram ulike smakebitar av tunisisk mat.Den store seremonien gjekk føre seg i residensen til den belgiske ambassadøren til. Der møtte alle prisvinnarane frå vidaregåande skular og ungdomsskular i heile landet. Amassadøren, Christian Monnoyer, sto for utdelinga av diploma.
Sidan fransk er eit vanskeleg språk for dei som ikkje har hatt språket så lenge enno, blei talen hans tolka, og på biletet ser vi at han er flankert av ein kvinneleg norsk tolk, chargé d'affaires frå Tunisisa og frå Marokko. Etter utdelinga av diplom var det servering av "ambassademat" (fingermat) og drikke, og så var det å forsyne seg frå premiebordet med ulike premar: bøker, brosjyrar, parfyme, cd-ar og diverse dingsar. Seremonien gav oss eit lite innblikk i stiltonen som herskar ved ein ambassade, ei grei erfaring å få med seg for ein ung elev.
I kveldinga, da vi hadde teke farvel med det fransktalande diplomatiske korpset, var tida inne for å finne seg ein god serveringsstad i Oslo, med eit skikkeleg frensk namn, Mamma Rosa, der vi kunne unne oss ein skikkeleg pizza. Det blei sein retur med fly til Molde, og lite søvn før neste skuledag. I slike høve er det verdt det om vi må stele noko av nattesøvnen. | ||||||||||||