20-års jubileum for julefrokosten

Publisert 22. desember 2009 15:23:43 av Hans Petter Jørgensen
Siste skoledag før jul gjekk den tradisjonelle julefrukosten av stabelen i Frænahallen. Det var eit svært vellukka arrangement også i år.

Det er elevane som står bak denne gigantiske festen der dei serverer frukost til alle dei 440 elevane og dei over 70 tilsette ved skolen. Det var god underhaldning med sketsjar, song, musikk og til og med eit lærarband som var utkledd som hippiar og spelte songar frå Woodstockfestivalen.

Elles takka rektor og elevrådsleiaren for arbeidsinnsatsen i haust, og det blei delt ut premiar til 3PB3 og 2HSB som var dei basisgruppene som hadde lest mest i haust i tillegg til individuelle premiar til Vilde Eidem (1ST), Malin Kildal (2ST), Trond Hjelset (3PB), Beate Lyngstad (1 HS) og Navina Mahendrarajah (2HS).

atj

eZ publish™ copyright © 1999-2010 eZ systems as