Studietur til Barcelona for 3 ST1, september 2010
I vg1 var dei på tematur til Tunisia, og på vg2 hadde dei utveksling med skule i Legionowa i Polen. Men i år blei det Barcelona.
SAS flaug dei trygt fram på 3,5 timar til eit varmt og klimatisk behageleg katalonsk klima. Dei budde på eit flott hostel i gamlebyen, berre eit steinkast unna La Rambla og store shoppingtilbod; den viktigaste attraksjonen for pengesterke norske ungdommar.
|
|
|
|
Dei besøkte store severdigheiter som La Sagrada Familia, Museo Gaudi, Picassomuseet, Camp Nou, vingard utanfor Barcelona, badestrondi rett nedanfor gamlebyen, park Guel og handlegata for dei rikaste: La Gracia. Dei fekk sjå og oppleve mykje.
Det var stor festival i byen då dei var der. Mykje god god mat: tapas, burgere og Hard Rock Cafe American Barbeque Food. Real spanish or rather Catalanian!! Då dei for heim tykte alle at det hadde vore ein gjev og givandes studietur.
|
|
ISV


