PC-ordning for Vg1-elevar skoleåret 2009/2010
Komande skoleår vil du som Vg1-elev kunne velje om du vil ha ein berbar PC som fylket kjøper inn til deg eller få eit tilskott for å kjøpe/bruke eigen PC.
PC frå Møre og Romsdal fylke
- Vel du å bruke fylket sitt tilbod vil du få utlevert PC-en på skolen ved skolestart. Du vil bli trekt for bruk av PC med kr. 850 kvart skoleår. Dette beløpet er lik utstyrsstipendsatsen frå lånekassa 2009/2010, hugs difor å sende søknad om utstyrsstipend til lånekassa. Faktura vert sendt ut frå fylket omkring 1. oktober.
- Du får behalde PC-en når du sluttar som elev etter 3 år. Sluttar du før, får du tilbod om å kjøpe PC-en. Har du gått på yrkesfag i to år og skal begynne som lærling må du betale ein sum lik stipendsatsen (den er kr. 850 skoleåret 2009/2010)
- Detaljar om PC-en vil ikkje vere klår før om lag 1.juli. Vi vil leggje vekt på at PC-en er robust, har god batterikapasitet og med ei vekt som gjer at den blir grei å transportere. Skjermstorleiken vil bli ein stad mellom 11” og 15”. PC-en vil ikkje vere utstyrt med avansert grafikk-kort for å kunne køyre tyngre grafiske applikasjonar og avanserte spel. Ein legg heller vekt på å ha ein god PC for mobil bruk.
Kjøpe/bruke eigen PC
- Dersom du heller vil bruke/kjøpe eigen PC vil du få utbetalt eit tilskott lik nettoprisen (pris eks. mva) til den elev-PC-en fylket kjøper inn. Storleiken på tilskottet er klårt 1. juli. Det vert ikkje kravd betaling for bruk av eigen PC. Tilskottet vert utbetalt omkring 15. september.


