Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon

Fræna videregåande skole 6440 Elnesvågen
E-post til skolen
Telefon: 71266400
Fax: 71266401

/ Forsiden / Nyheter / Pangstart for leseaksjonen!

Pangstart for leseaksjonen!

Elevane stormar til biblioteket for å låne bøker.

Skolebibliotekaren Gro Feght opplyser at det har vore eit massivt kjør på biblioteket den første skoleveka. Etter at leseaksjonen starta onsdag 22. august, er 270 bøker rivne bort allereie etter tre dagar! Ho trur det har ein positiv effekt at alle kontaktlærarane informerer og oppmuntrar elevane til meir lystlesing på fritida. At basisgruppene konkurrerer mot kvarandre i mengdelesing, er også med på å få fleire til å lese, trur Gro.

I lesekonkurransen kan alle finne bøker som interesserer ein fordi biblioteket har kjøpt inn veldig mykje variert litteratur som f.eks. hobbybøker, faktabøker, humor, teikneserieromanar, lettleste romanar, ungdomsbøker, lydbøker, krim, fantasy - you name it! Sidan lærestoffet til elevane skal vere gratis ("gratisprinsippet"), har biblioteket i tillegg fått nesten 100.000 kr ekstra for å fylle på med enda meir spanande lesestoff. Derfor etterlyser Gro tips frå både elevar og lærarar om gode og spreke boktitlar som kan kjøpast inn.