Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon

Fræna videregåande skole 6440 Elnesvågen
E-post til skolen
Telefon: 71266400
Fax: 71266401

/ Forsiden / Nyheter / Glade franskelevar

Glade franskelevar

Franskklassen
Franskklassen 1. år på studiespesialisering har vore med på ein landsomfattande konkurranse og vunne 3.-premie. Det er Det franske kultursenter i Oslo som arrangerer konkurransen. Premieutdelinga skal vere i Belgias ambassade 25. mars.

Det er stor glede i franskklassen no: "Vi skal til Belgias ambassade i Oslo og ta imot diplom for tredjeplassen!"

Konkurransen har gått ut på å lage ei reisedagbok frå ei tenkt reise i fire fransktalande land. Denne reisedagboka skal ha visse ingrediensar: presentasjon av byar, kjende monument og naturlandskap, postkort til Norge o.l. Innleveringsfristen var 7. mars.

Fransktalande land arrangerer ei frankofoniveke ( frankofoni blir brukt om å vere fransktalande) 23. - 28. mars, og det er i denne samanhengen at denne konkurransen er arrangert.

Klassen vår valde å "reise" til Canada, Tunisia, Frankrike og Sveits. I kvart land var vi innom to byar, bl.a. Cannes der vi passa på å komme under filmfestivalen. Det blei endatil intervju med den franske skodespelaren Audrey Tautou.

På dagen for prisutdelinga, den 25. mars, skal vi innom Det franske kultursenter først. Deretter blir vi mottekne i ein fransktalande ambassade, kanskje den tunisiske. Til slutt skal vi til den belgiske ambassaden, der prisutdelingsseremonien skal vere.

Vinnarane av konkurransen var frå Steinkjer videregående, og andreplassen gjekk til Hetland videregående i Stavanger.

Og her er elevenes reisedagbok

A. Hovde