Right menu

februar 2012
man tir ons tor fre lør søn
    1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29      

Kontaktinformasjon

Fræna videregåande skole 6440 Elnesvågen
E-post til skolen
Telefon: 71266400
Fax: 71266401

/ Forsiden / Nyheter / Alle elevar har rett til eit godt skolemiljø

Alle elevar har rett til eit godt skolemiljø

Skolen vil setje fokus på kor viktig det er for alle elevar å trivast for å yte sitt beste. Opplæringsloven § 9a–1 seier at «alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.»

Skolemiljøet skal fremje helse, trivsel og læring. Dette betyr at det ikkje berre handlar om å hindre plager og dårleg læring, men også om at skolemiljøet skal bidra positivt til elevens helse, trivsel og læring. Dette betyr:

  • Eit skolemiljø som fremjar helse: Eit skolemiljø som ikkje gir elevane skadar, sjukdomar eller helseplager av noko slag, og som positivt er med på å styrke elevanes fysiske og psykiske helse
  • Eit skolemiljø som fremjar trivsel: Et skolemiljø der alle elevar kan trivast og som bidrar til at skolen blir opplevd som ein meiningsfull stad å vere
  • Eit skolemiljø som fremjar læring: Eit skolemiljø som gir elevane gode læringsforhold.

Derfor har vi laga ei eiga elevhandbok for HMS som skildrar korleis vi skal sikre at skolemiljøet heile tida er godt i tillegg til at alle basisgrupper skal velje sitt eige elevverneombod. Kontaktlærar arrangerer valet og går gjennom elevhandboka i basistimen.

Elevhandboka for HMS ligger alltid under "Ulike plandokument" i "Om skolen" i venstremenyen.

Og direktelenket her.

ATJ