Right menu

august 2010
man tir ons tor fre lør søn
  1
2 3 4 5 6 7 8
9 10 11 12 13 14 15
16 17 18 19 20 21 22
23 24 25 26 27 28 29
30 31        

/ Forsiden / Om skolen / Rektors side

Rektors side

 

Fræna vidaregåande skole er ein kombinert skole med mange utdanningsprogram.

Vi har program for: Studiespesialisering, studiespesialisering - internasjonal klasse, studiespesialisering med formgiving, byggfag, helse- og sosialfag, restaurant- og matfag, teknikk og industriell produksjon, og naturbruk. Alle faga har sine særpreg med ulike mål og krav frå næringsliv og storsamfunn, og slik må det vere. Kanskje er det som er felles, også meir utprega enn det vi mange gonger tenkjer over. Engasjement og deltaking er føresetnader for eit godt utbytte av opplæringa uansett emne eller fag.

Opplæring handlar om meir enn fag, og fag er meir enn ei samling av fakta Det handlar og om, på eiga hand eller saman me andre, å finne fram til og bruke kunnskap. Samarbeid og sjølvstendig arbeid er ikkje motsatsar, men utfyller kvarandre. Samarbeid betyr at du må gjere deg opp di eiga meining og ta ansvar for det felles resultatet. Det handlar om at kvar einskild brukar seg sjølve, sine evner og interesser til best er for seg sjølv og dei andre.

Skolen prøver å legge til rette for best moglege læreprosessar. Bruk av data som verktøy vert meir og meir omfattande i alle fag. Skolen har difor etter kvart anskaffa seg ein stor mengde datautstyr, mellom anna datamaskiner i eit trådlaust nettverk som gjer at arbeidet kan skje overalt på skolen. Men dette er utstyr og eit verktøy, ikkje eit mål i seg sjølv. Gode arbeidsvanar og eit kritisk blikk på nytteverdien er godt å ta med uansett verktøy.

Dersom eit skoleopphald skal bli så vellykka som råd, er det viktig at kvar einskild går inn i eit fagleg arbeid på det fagområdet han har vald. Samstundes ser vi fram til å møte han/henne som deltakar i skolen sitt sosiale liv. I det høve vil vi be elevane støtte opp om arbeid i elevråd og skolemiljøutval. Det er desse som skal ivareta elevane sine interesse på deira eigen arbeidsplass. Fræna vidaregåande skole skal stå for både kunnskap og trivsel, ikkje kunnskap eller trivsel, for dette er delar av heilskap.

Med helsing

Arne Stavik, rektor